J9-laget startet med seier

J9-laget startet med seier

Torsdag 15.05 var det duka for sesongpremiere på heimebane for Heddal jenter 9. På grunn av den tidlege våren, har jentene fått trena i fleire veker, og var i dag klar for seriestart. Motstandar var Snøgg 1.

Heddal gjekk tidleg i 1. omgang opp i ein tilsynelatande komfortabel 3-0 ledelse. Om jentene trudde kampen alt var avgjort er uvisst, men konsentrasjonssvikt og muligens litt mindre innsats, gjorde at Snøgg kjempa seg inn igjen i kampen og leda 4-3 til pause.

Pausen gjorde godt for Heddalsjentene, for igjen tok dei kommandoen i kampen, og snudde til 6-4 ledelse. No måtte det vel endeleg bli seier på jentene? Snøgg ville  noko anna, for 5 minutt før slutt stod det 6-6. Stor dramatikk på denne halvparten av kunstgraset på Vidar. Likevel var det Heddal som skulle dra det lengste strået. Få minutt før slutt scora Carine 7-6 målet, og på overtid kontra jentene inn eitt mål til. Dermed kunne Heddal J9 sleppa jubelen laus etter ein imponerande kamp, med flott innsats og fine scoringar. Takk også til Snøgg, som gjorde at dette vart ein svært spennande og nervepirrande kamp. Her vart det vist mykje bra spel av begge lag! Me gledar oss til fortsettelsen.(Tekst og bilde: John Inge Råsberg)